Gjøglaren

av Gyrid Axe Øvsteng

Sted: Det norske teatret Tid: 15. november kl. 17.00 Målgruppe: fra 5 år Varighet: x min.

Ei poetisk, visuell og vakker juleforteljing for heile familien frå fire år og oppover.

Den lille tiggerguten er rett nok både skiten og svolten, men ikkje ulykkeleg av den grunn. Han held nemleg all verdas fargar i hendene, kastar dei opp i lufta, let dei tumle rundt og danse der, hvirvle raskare og raskare og bli til sola, før han samlar dei opp, ein etter ein, farge etter farge, trygt i nevane sine.

Folk rundt blir heilt trollbundne og mållause av dei praktfulle kunststykka den lille sjongløren gjer. Sola som blir til i hendene hans varmar i hjartet og gjer dei glade. Den lille tiggerguten må ikkje svelte mykje for folk gjev han nok mat å ete som takk for dei fantastiske kunststykka hans.

Etter som åra går blir han ein vidgjeten sjonglør som opptrer på dei mest fornemme plassar for det mest fornemme publikum. Dei gamle fillene frå barndomen er byta ut med skreddersøm og silke, magen rumlar ikkje lengre, han har alt han treng og vel så det. Men så går åra, han blir gamal og plutseleg ein dag har folk fått nok. Dei lar seg ikkje lenger begeistre, dei er leie av det gamle, dei vil ha noko nytt og ser ikkje lengre sola i nevane hans.

Sjongløren pakkar trist bort kostymet sitt, legg ballane i ei kiste. Den vidgjetne sjongløren er med eit ein gamal tiggermann. Han legg ut på vandring og på julaftan kjem han attende til bardomsbyen sin. Folk er samla i kyrkja for å høyre messa og å gje gåvane sine til Jesusbarnet. Tiggaren har ingenting å gje, men det triste anletet til Jesusbarnet får han å hugse gamle kunster. Famlende pakker han ut tinga sine og tar på seg det gamle kostymet sitt. I eit siste kunststykke overgår sjongløren seg sjølv, aldri har han gjort noko vakrare, lufta står stille i kirkerommet, ballane hvirvlar, og med eit skjer det noko; munnvikene til det lille barnet på biletet bevegar seg.

Historia om Gjøglaren er basert på ei gammal fransk legende frå mellomalderen, og har blitt videredikta og gjenfortalt av fleire forfattare opp gjennom historia. Dramatikaren og forfattaren Gyrid Axe Øvsteng har dramatisert forteljinga på nytt for Det Norske Teatret.

Meir info her.

Medvirkande: Heidi Ruud Ellingsen, Tomm Percy, Sverre Bentzen, Grethe Ryen, Silje Storstein, Kristin Grue, Ellen Dorrit Petersen, Ragnar Dyresen. Musikk: Svenn Erik Kristoffersen. Regissør: Bjørn Sæter
Scenografi- og kostymedesignar: Unni Walstad. Musikkansvarleg/musikar: Svenn Erik Kristoffersen. Lysdesignar: Ola Bråten. Dramatug: Mari Moen. Musikarar: Svenn Erik Kristoffersen, Nils Jansen og Christian Svensson.
 

Bookmark and Share
 
Gjøglaren

tittel: Gjøglaren