Porsekjellaren var ein institusjon for livemusikk i Volda. BokkeReidars spelte ein av sine første jobbar der i desember 1982. Når bandet no er i sitt 35. leveår var det på tide å kome "heim". Dørene vert opna 5. juledag, for første gong på veldig lang tid..
Kjøp billett her:
https://tikkio.com/tickets/4041-porsejul2017-med-bokkereidars-bb-side-brok
JULEBOKK 2017 - RE-OPNING AV PORSEKJELLAREN I ROMJULA
Etter utallege førespurnader opnar Volda Turisthotell AS oppatt den smått legendariske Porsekjellaren som konsertscene etter meir enn 20 år utan aktivitet.
Re-opninga skjer 5. juledag med «oppe/nede» der det skal skapast same stemning som på 80- og 90-talet med live musikk nede og jazz-DJ oppe. Og lokalet har stått urørt alle desse åra så retro-faktoren er meget høg!
Det bandet som kanskje er nærast knytt til Porsekjellaren er BokkeReidars Blues Band og ei re-opning kunne berre skje med dei på scena. Og for å toppe det heile har BRBB invitert med seg kult-rapparane frå Hovdebygda, Side Brok, som gjesteartistar. Dei har samarbeida tidlegare med stor suksess, bl.a på Chat Noir og Trandal Blues.
Med over 30 års fartstid, er BokkeReidars det lengstlevande bandet i sin sjanger her til lands og har samarbeida med blant andre Side Brok, Vidar Busk, Hungy John, Rita Eriksen, Beate Slettevoll Lech og B3-mannen Palle Wagnberg. Etter Trandal Blues i 2014 skreiv musikkjournalist Øyvind Pharo følgande i BluesNews: “Lørdagens avslutningskonsert var ikke mindre sensasjonell med BokkeReidars Blues Band med tekster på nynorsk framført av ekspønkeren Gunnar Solheim med eminent samspill fra rapduoen Side Brok. Blåserrekka og rytmeseksjonen til BokkeReidar blander funk, salsa og ska og alt annet sexy det er mulig å krydre bluesen med. I større sammenheng er dette et band som fortjener å nå mye lengre ut, men de 800 menneskene som hørte dem på lørdagen bidro til at Trandal 2014 ble meget godt besøk.”
For dei som ønsker ein meir roleg kveld vil Jan Ole Bolsø rulle vinyl oppe med god musikk frå 70-, 80- og 90-talet.
Informasjon om billettsal kjem her om kun kort tid. NB! Begrensa antal billettar - først til mølla!
Bilete: Roald Jungård